Piperehab/omnmontering


Me har i mangen år rehablitert piper og montert vedomner og peisar.
Ein gamal pipe, som regel teglsteinspipe kan lett bli god som ny ved å senke keramiske/stål røyr ned i pipa.

Me rehabliterar piper med både stålrøyr og keramiske røyr.
Fordelen med keramiske røyr som blir støypt fast med løsleca er at du lett kan montere omnar i pipa etterpå.
Keramiske røyra som vert brukt er lik røyra i nye piper idag, og rundt røyra blandar me løsleca med betong og vatn. Dermed er pipa fast og isolert.

Stålrøyr brukar me om pipa er smal eller litt skeiv. Desse er luftavkjølte røyr og skal ikkje isolerast rundt.

Vi har fast pris per meter pipe, som inkluderer omn montering og ny sotluke, me kan også løysa overdekkning av pipa over tak.
Ring eller send e-post så tar vi kontakt og ser på jobben.



Her er nokre bilder fra diverse monteringar og pipe muring
Syzweb publiseringsløsning levert av Aveno Digital